Thursday, December 13, 2007

Kaffi, overvektsproblem og turtelduer


Lurt på hvordan det er å gå på katta? Her kommer den harde sannheten! – På nynorsk


Eg er på vei til bordet mitt. Mediebordet. Eg har nettopp kjøpt meg ein kopp kaffi i kaffimaskina. Eg likar kaffi. Kaffi gjer slik at eg ser
sofistikert ut. Ein må sjå sofistikert ut her på denne skola. Raskt krympar eg meg. For å komme til mediebordet må eg forbi skatebordet, fotballklysene og ishockey gutane. Alle ser rart på meg og eg veit kvifor. Det er heit klart at eg ikkje passar inn. Eg brukar ikkje store perleøyredobbar og ryggsekken skil meg frå jentene, med blond hestesveis, som har ei stor skinnveske på den høgre skuldra. Dei prøver å vere noko dei ikkje er, dei prøver å kopiere Bærum-klysene.

Dei berømte Bærum-klysene. Eg trur ikkje dei veit kven dei verkeleg er der dei går med t-skjorter med eit trykk der det står ”pappa betaler”. Dei bortskjemte ungane. Eg skjønnar ikkje kvifor Hamars ungdom ønskjer å identifisere seg med dei.


Ein oransje vegg og ein lang elefantsnabel helser meg god morgon kvar dag. «Dei skal fungere som oppmuntringar» sa ho rektor til oss elevane fyrste skoledag. Joda, fargen er fin, men eg undrar på om han har gjort meg meir lykkeleg. Snabelen kosta berre 600 000 og han gjer meg kjempeglad. Massasjestolane vi alle kunne fått på skolen i stadet for er ikkje like viktig. Vi har ein flott snabel og eg kunne ikkje vore meir glad.


Eg går på Hamar Katedralskole. Hamar Katedralskole som er kjend for sin kunst, sine glasveggar, opne områda og vesle kantine. At den nye skolen har blitt eit stort problem for meg, er heilt klart. Det var ikkje meg dei tenkte då dei bygde denne skola. Alt blir så mykje meis synleg med dei opne områda. Dei hersens kjærastepara. Dei klengjete og søte turtelduene som kallas kjærastepar, synes over alt. Då dei byde denne skola tenkte dei ikkje på oss single og ikkje svært lite desperate ungdommane. Samtidig som eg sit i ei norsktime og prøver hardt å analysere eit dikt om tapt kjærleik, må eg sitte og sjå på kyssinga og kosinga på andre sia av glasveggen. Dette har fått store konsekvensar for meg. Depresjon kallar vi det.

Eg vil også ha kjæraste. Eg har berre ikkje funni han. Kanskje eg har funni han, ja, eg har funni han mange gangar. Problemet er at han sit på hockeybordet i den vesle kantina og ser rart på jenta som ikkje brukar store perleøyredobbar, som ikkje har blond hestesveis og som ikkje har ei sort skinnveske på den høgre skuldra.

Ofte går eg gjennom dei altfor lange og skremmelege korridorane. Ekkoet av klikkande hælar ligg lenge i lufta. Når eg går frå eit klasserom til eit anna blir eg heilt andpusten. Eg blir så sliten at eg ikkje får konsentrert meg i timane. Likevel er det godt for ein ting. Når eg går fram og tilbake etter kvar einaste skoletime kvittar eg meg med dei kaloriane eg åt under lunsjen. Eg har blitt mykje tynnare sia skolestart og det er takket vere skolen.

Eg undrar på om det er eit bevisst tiltak, frå politikarane, mot overvektsproblema som er aukande blant norsk ungdom. Eg veit at på nokon skolar i Amerika har dei satt inn dansespel for å kjempe mot desse overvektsproblema. Lang skole, lange korridorar og ein timeplan som gjer at du må springe i fem minuttar for å rekke neste time på andre sia av skolen, er nok berre ein norsk versjon av desse amerikanske dansespela.

Eg nærmar meg mediebordet. Eg klarte å gå forbi skatebordet og fotballklysene. No er det berre ishockey gutane igjen. Eg kan sjå han som er mannen i mitt liv. Dessverre ser han ikkje meg. Eg trekker pusten, strekker ryggsøyla og gjer meg klar for siste etappe med kaffikoppen i venstre hand. Det er sørgjeleg at eg ikkje ser nerden frå realfag som kjem hastande mot meg. Vi kolliderer. Eg kjenner kaffikoppen gli ut av handa mi og han flyg til andre sia av den vesle kantina. Det er ein stor kollisjon. Lyden av kroppen min som treffer golvet i kantina på Hamar Katedralskole kan høyras lenge som eit ekko i dei lange korridorane.

Eg har aldri vore så flau i heile mitt liv. Eg løfter mitt raude hovud som har øyre som ikkje ber store perleøyredobbar. Varsamt ser eg meg rundt og prøver å finne ut kvifor eg ikkje hører knust glas frå kaffikoppen. Då ser eg det som gjer at eg skulle ønskje eg ikkje hadde løftet hovudet likevel. Mannen i mitt liv som sit på hockeybordet har kaffi over heile seg. Eg krympar meg. Eg liker ikkje Hamar Katedralskole. Dei tenkte ikkje på meg då dei bygde denne skolen. Eg har ingen steder å gøyme meg. Det er berre desse fordømde glasveggane over alt.

3 comments:

SOLVEIG said...

Så utrolig bra! Du kan få sagt det du, Sandra^^ <3

Yvonne said...
This comment has been removed by the author.
Yvonne said...

Bra skrevet! Snakker vi nynorsk heldag her eller??? ;D